Hopp til hovedinnhold

Dette kan du klage på

 

Du kan klage på alle standpunktkarakterar dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde. Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla Ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.

Resultatet av klagen kan bli ein dårlegare karakter enn den du hadde frå før. Difor bør du tenkje deg godt om før du klagar.

Klagefristar våren 2024

Standpunktkarakterar

-Kunngjering til elevane tysdag 11.juni
-Klagefrist: Fredag 21.juni
-Hurtigklagefrist 16.juni for elevar påbygg og VG3 idrett
-28. juni frist for klagenemda til å behandle hurtigklagar
-31. august frist for klagenemda til å behandle ordinære klagar

Eksamen

Skriftleg eksamen:

-Skulen må ha fått klaga innan utgången av 27.juni.
-Hurtigklagefrist for påbygg og VG3 - skulen må ha fått klagen innan utgången av 24.juni.


Munnleg, munnleg/praktisk og praktisk eksamen:

Klagefrist 10 dagar.


Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med skulen din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen ti dagar etter at du fekk grunngjevinga.

 

Les meir om klagerett på vestland fylke.no