Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Bildet viser noen lærebøker.

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Om du går Vg3 Påbygg på Stend kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse og dermed kan du studere vidare på høgskule og universitet. Vg3 Allmennfagleg påbygging er eit år med mykje teori. Du kan velje eit fritt programfag som matte, psykologi, kjemi, biologi og fysikk eller friluftsliv.

Studiekompetanse

På Stend Naturbruk legg vi til rette for at du kan velje dei faga du treng for å nå måla dine.

Tre år på Stend Naturbruk gir deg ein praktisk og aktiv skulekvardag samtidig som du kan ta studiekompetanse. For å få studiekompetanse må du gå allmennfagleg påbygg det tredje året. Dei fleste tar generell studiekompetanse som opnar for å søkje på dei fleste høgskular og universitet.

Nokre studiar krev spesiell studiekompetanse. Dette gjeld for eksempel veterinær, dyrepleiar og ulike realfagsstudiar. På Stend kan du få spesiell studiekompetanse ved å ta meir matte, naturfag og realfag. Vi tilbyr mattekursa R1 og R2, og realfaga Kjemi 1 og 2.

Krav til studiekompetanse på ulike studier finn du på samordna opptak.