Hopp til hovedinnhold

Skulemiljøet på Stend VGS

På Stend skal elevane ha eit godt skulemiljø (Jf. kapittel 9A). Alle elevar på Stend vidaregåande skule har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.  Du kan melde avvik om du meiner at skulemiljøet ikkje er greit.  Du kan  blant anna bruke ein knapp, som du finn under fanen "Elevar og føresette". 

Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane. 

Rektor har ansvar for at kapitlet blir følgt opp. Alle leiarar har ansvar for å følgje opp arbeidet på si avdeling, jf. 9A-3. Alle tilsette har ansvar etter aktivitetsplikta, jf. 9A-4.

Det fysiske miljøet ved skulen skal være slik at det tar omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane, jf. 9 A-7. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira.