Hopp til hovedinnhold

Hybel på Stend

Skulen har to ledige hyblar for skuleåret 2024-25.

Elevhybel

På Stend vgs er det mange elevar som bur på hybel. Dei fleste finn hybel i det private markedet, men skulen har nokre få hyblar for utleige.

Vurderer du å flytte på hybel?

For å finne hybel i det private markedet er FINN.no ein grei stad å starte. 

Stend leiger ut hyblar til elevar i Titlestadvegen 29, Hordnesvegen 14 og Fanavegen 234. Leigeprisen er mellom kr 4300 og kr 6700, inkludert straum og internett.

 

Om elevhyblar på Stend

Tilbodet er eit kollektivt butilbod til elevar ved skulen. Bustaden skal vere eit trygt butilbod der elevane har ro til kvile, og til å gjere skulearbeid. Elevar med lang reiseveg eller elevar frå andre fylker, kan bli prioritert. Dei som har hatt leigeavtale året før vil bli prioritert dersom dei har innfridd forventingane i leigeavtalen. Andre årsaker til at eleven treng å bu nært skulen kan og gje grunnlag for prioritering. Husværet er møblert, inkludert kvitevarer og dekketøy. 

Det er ikkje lenger mogeleg å søkje om hybel ved skulen.

Ansvar og plikter

Leigetakarane i bustaden har eit gjensidig ansvar for å utføre avtalte plikter, og for å samarbeide om å skape eit godt bumiljø. Ordensreglementet er utgangspunktet for kva forventningar vi har til elevane som leiger hybel på skulen. Det er utarbeidd eit eige reglement for hyblane, i tillegg til at skulen vil føre tilsyn ved behov. Leigeavtalen er elles som ved utleige i den private marknaden.

Det er ikkje lov å ha katt, hund eller andre kjæledyr i bustaden. Det er heller ikkje lov å bruke tobakk, drikke alkohol eller bruke andre rusmiddel i bustaden. Det skal vere ro i bustaden etter kl. 23:00 på kvardagar, og kl. 01:00 om det er skulefri dagen etter. Brot på reglementet kan føre til oppseiing av leigeforholdet med 14 dagars varsel.

Føresette må stadfeste at dei godkjenner søknaden for elevar under 18 år, og opplyse om fakturaadresse. For elevar over 18 år, oppfordrar vi eleven til å gje samtykke til kontakt med føresette ved behov. 

Reglement for elevhyblar i Titlestadvegen 29/Fanavegen 234

  • Stend leiger ut hyblar til elevar i Titlestadvegen 29 og Fanavegen 234 (seinare omtalt som bustaden). Tilbodet er eit kollektivt butilbod til elevar ved skulen. Bustaden skal vere eit trygt butilbod der elevane har ro til å gjere skulearbeid, og til kvile.
  • Leigetakarane i bustaden har eit gjensidig ansvar for å utføre avtalte plikter, og for å samarbeide om å få eit godt bumiljø.
  • På grunn av elevane sin alder ser skulen det som viktig å halde spesielt godt oppsyn med korleis bustaden vert brukt. Skulen har difor rett til å kontrollere bruken av bustaden, og kontakte foreldre ved behov.
  • Soveromma kan låsast separat. Resten av bustaden er felles for leigetakarane.
  • Fellesareal skal haldast ryddig og i orden til ein kvar tid. Leigetakarane skal gjere avtale om jamleg reinhald av bustaden.
  • Det er lov å ha overnattingsgjester frå familie, og frå vener av same kjønn, på eige rom. Besøk må gjerast etter avtale med dei andre leigetakarane. Varsel om dette skal gjerast i god tid.
  • Leigetakar som har gjester, plikter å sjå til at gjestene opptrer i tråd med dei reglane som gjeld for bustaden.
  • Det er ikkje lov å bruke tobakk, drikke alkohol eller bruke andre rusmiddel i bustaden.
  • Det er forventa at leigetakarane tar omsyn til kvarandre, til naboar og til skulen sitt omdøme i lokalmiljøet. Selskap eller fester kan ikkje bli arrangert utan skriftleg løyve frå skulen.
  • Det er ikkje lov å ha katt, hund eller andre kjæledyr i bustaden.
  • Det skal vere ro i bustaden etter kl. 23:00 på kvardagar, og kl. 01:00 om det er skulefri dagen etter.
  • Brot på reglementet kan føre til oppseiing av leigeforholdet med 14 dagars varsel.