Hopp til hovedinnhold

Skulemiljøet på Stend VGS

Alle elevar på Stend vidaregåande skule har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring (Opplæringslova kap. 12). Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande.​

Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.  Du kan melde avvik om du meiner at skulemiljøet ikkje er greit.  Du kan  blant anna bruke ein knapp, som du finn under fanen "Elevar og føresette". 

Alle tilsette på skulen skal:

  • følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø​
  • gripe inn mot krenkingar (som mobbing, vold, diskriminering og trakassering) og stoppe ein pågåande situasjon, dersom det er mogeleg​
  • seie ifrå til rektor ved mistanke eller kjennskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt​
  • undersøkje det som har skjedd​
  • lage ein plan og sette inn eigna/tilstrekkelege tiltak som er til eleven sitt beste ( skulen skal vurdere kva som er eigna tiltak – eleven skal få uttale seg om tiltaka)

Dersom ein elev opplever å bli krenka av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen ei skjerpa aktivitetsplikt. Skulen skal då ta tak i det med ein gong.

Dersom du meiner at skulen ikkje har gjort nok, kan du melde saka til statsforvaltaren.​ Merk deg da at: 

  • Først må du ta opp saka med rektor på skulen
  • Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor
  • Saka må gjelde skulemiljøet på den skulen du går på no
  • Er det heilt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med statsforvaltaren