1. Last ned appen Bookbites.
2. Lag ein brukar med epostadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker, last ned og les
På skulebiblioteket har vi både faktabøker og skjønnlitteratur. Du kan bruke internett i samband med skuleoppgåver, og treng du ei utskrift kan du få det her.Vi har sittegrupper til gruppearbeid, og arbeidsplasser dersom du vil fordjupe deg i fred og ro.
Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Du kan då låne gratis skulebøker
Du følgjer ein link til eit digitalt skjema. Skjemaet krev autentisering med MinID/BankID ved opning, og aktuelle personaliafelt blir automatisk preutfylt. Er du under 18 år må du oppgi føresettinformasjon. Ved innsending blir skjemaet signert digitalt, og dersom du er under 18 år blir det i tillegg sendt eit signeringsoppdrag til dine føresette.
Lenke til skjema for lån av skulebøker
Anne Bente Totland har jobb på biblioteket vårt. Ho kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna.
Ring 55 91 88 47
E-post: Anne Bente Totland
Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.
Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.
Det kan vere vanskeleg å finne fram til god informasjon som du kan stole på, og bruke det på rett måte. Her finn du nokre tips som kan hjelpe deg i dette arbeidet.
Hensikta med kjeldekritikk er å slå fast at materialet du har funne er relevant for emnet du skriv om, og at informasjon er påliteleg. Ved bruk av kjelder frå verdsveven er det spesielt viktig å vere kritisk til dei kjeldene du finn. Her følgjer nokre spørsmål du må stille til skriftlege kjelder du vurderer å bruke.
Elevar slit ofte med å bruke kjelder på ein relevant måte. Problemet er av og til at dei skriv for likt originalteksten, i verste fall plagierer dei, eller dei parafraserer (skriver om) i for stor grad. Straffen for fullstendig plagiat på eksamen (i norsk) er ikkje-vurdert. Ved delvis plagiat skal ein berre vurdere dei delane som ikkje er plagierte.
Det som er allmenn kjent, treng ein ikkje oppgi kjelder på For eksempel: «Ibsen er ein av Noregs største dramatikarar gjennom tidene». Dersom du refererer til andre si tolking av ei bok, må du oppgi kjelde.
Eigentleg er det berre publiserte kjelder som skal førast på i kjeldelista I ein skulesamanheng er det likevel ofte aktuelt å føre på upubliserte kjelder, slik at ikkje sensor skal fatte mistanke om juks Mange elevar viser for eksempel til interne notat og lærarpresentasjonar som ikkje er eksternt publiserte
Det er vanleg å oppgi ei alfabetisk kjeldeliste til slutt i teksten. Ein kan i tillegg oppgi kjelder i sjølve teksten. Dette er litt avhengig av oppgåvetypen. Kortare tekstar treng ikkje ha kjeldevising etterkvart, mens større oppgåver bør følgje denne praksisen.
Kjelder kan siterast direkte eller indirekte.
Andresen, Øyvind (m.fl) (2007): Signatur 3, studiebok for norsk påbyggingskompetanse, Samlaget Berggren, Arne (1997): Fisken, Aschehoug
Uri, Helene (2005): «Ein simpl, silly draum», Aftenposten, 27.08.2005
Upubliserte kjelder:
Powerpointpresentasjon om naturalismen, fått av faglærar, 2011
E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.
Du låner e-bøker og e-lydbøker i ein app. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.
1. Last ned appen Bookbites.
2. Lag ein brukar med epostadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker, last ned og les