Visma InSchool (VIS) er det skuleadministrative systemet på vidaregåande. Her har elevar og føresette tilgang. I VIS ligg timeplan, fråvær, vurdering og det er her elevane søkjer om tilrettelegging, fritak i fag med meir. Føresette har tilgang til timeplan, kontaktopplysningar og de kan sende melding til lærarane.
Målet med Visma InSchool (VIS) er å møte dei vidaregåande skulane sine framtidige behov ved å:
- fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
- legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
- digitalisere framtida sin skuleadministrasjon og gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
- redusere tid som blir brukt til administrativt arbeid og frigjere tid til pedagogiske aktivitetar
- gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på
Pålogging til Visma på Vestland.no
Føresette
Føresette for elevar under 18 år vil ha tilgang til:
Timeplan (melde framtidig fråvær, men vil ikkje sjå søknaden sjølv etterpå)
Klasser og grupper (finne namn på faglærarar og aktive lenkjer til læreplan)
Historikk (halvårs-, standpunkt-, og eksamenskarakter og samla fråvær for tidlegare år)
Du får meir informasjon om Visma InSchool både som elev og føresatt ved å lese på nettsidene til Vestland fylke.