Gardsbutikken har ein visjon om å vere eit veksthus både for planter og mennesker. Vi ønsker å fremme økologisk matvareproduksjon og lokal småskalaproduksjon. Her vil du oppleve ei positiv samrøre mellom ein unik butikk, blomsterproduksjon av beste kvalitet, skuleelever i øvingsarbeid og eit imøtekomande personale med gode varekunnskaper.
I gardsbutikken finn du:
- økologiske varer
- eigenproduserte varer frå Stend
- lokalproduserte varer frå andre gardsbruk og småbedrifter
- varer elles knytta til jord og planter
Heile året har vi:
- økologiske grønnsaker, urter, frukt, saft, potetar og kjøttprodukt – mest eigenproduserte, men og lokalproduserte og meir langreiste varer.
- dagferske egg frå frittgåande høner
- lokalprodusert ost og lefser
I sesong har vi:
Jul- og sommarblomster av ypperste kvalitet, direkte frå produksjonsborda i veksthusa.
Der finn du opningstider og informasjon om kva som skjer. Det er mellom anna tidvis kafe og kurs.
Tlf. 55 92 98 90
Velkommen innom!