Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.
Kvifor skal du velje idrettsfag på Stend?
Har du ambisjonar innanfor idretten din? Mål om studiekompetanse, men vil ha ein aktiv skulekvardag? Likar du å utfordre deg sjølv i nye aktivitetar, samtidig som du har ambisjonar om gode resultat i faga? Då er idrettsfag på Stend vidaregåande skule utdanningsprogrammet for deg.
På Stend blir du inkludert i eit skulemiljø med eit mangfald av elevar, med ulike interesser og idrettar. Med tett oppfølging og tilrettelegging frå skulen sine lærarar, i samarbeid med trenaren din, vil du få ein skulekvardag som hjelper deg til å bli enda betre i din idrett!
Vi tilbyr toppidrett innanfor ei mengde idrettar, og har gode arenaer, både inne og ute.
Fag- og årstimetal på idrettsfag
På Stend har vi fokus på totalbelastningen for elevane. På idrettsfag gjennomfører du mange ulike økter med trening, både i spesialidretten og på fysiske eigenskapar og andre idrettar/aktivitetar.
Eit viktig mål for elevane er å vere «godt trent for å kunne trene» Dette jobber vi med slik at prestasjonsnivået aukar gjennom langsiktig og riktig trening.
Undervisninga på idrettsfag er både teoretisk og praktisk. Elevane skal i tillegg til fellesfaga gjennomføre både teoretisk og praktisk undervisning i idrettsfaga.
I løpet av den første månaden på vg1, må du som elev velje mellom toppidrett og breiddeidrett som programfag. Dette utgjer 5 timer i veka der du kan spesialisere deg i ”din” idrett, eller velje breiddeidrett som gir ein breiare basis i ulike idrettsaktivitetar.
Tilleggspoeng
Søker du på Stend idrettsfag kan du ved inntak få tilleggspoeng for gode prestasjonar i idretten din. Du fyller ut et skjema når du søker skoleplass (Idrettsfag) på vigo.no.
Du kan maksimalt få 9 poeng tildelt for nivået på ferdigheitene i din fordjupingsidrett.
- 3 poeng – kretslagsnivå (regionalt)
- 6 poeng – nasjonalt nivå.
- 9 poeng – internasjonalt nivå
Har du eit snitt på 4,5, og får 3 tilleggspoeng, blir det totale snittet på 4,8.
«Det tildeles tilleggspoeng KUN for prestasjoner oppnådd frå 01.05.2023-05.05.2025.»
Elevar på høgt nivå i sin idrett, kan få spissa
toppidrettsstatus som gir utvida tid,
oppfølging og opplegg.
Eleven søker i VIGO.
Dersom vi ikkje har idretten, må eleven ha trener
frå sin idrett tilgjengeleg. Dette må skulen godta på førehand.
Kontakt: Rune Lindgren
Idretter pr. 2025:
Fotball, handball, jetski, kampsport,
roing, friidrett, sportsdrill, langrenn, turn
Prosedyre for søknad til spissa toppidrett på Stend.
For meir informasjon: www.spissettoppidrett.no