Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.
Kvifor velje naturbruk?
Skreddersy utdanningsløpet! Velg anleggsgartnar eller friluftsliv, eller mellom dyrefaglinjene dyrehelse, hundefag og hestefag. Tre dager i veka er aktiv og praktisk og du får øve deg i små parti med tett oppfølging. Stend har smådyravdeling, hundeavdeling, stall og ridehall, parkanlegg, friluftsutstyr, buss og nærleik til skog, fjell og sjø. Bli ein del av eit engasjert fagteam, del interessa di med klassevener og få eit yrke og minner for livet!
Kva kan du bli?
Med fagbrev kan du bli verdsett i fleire yrke:
- Assistent på dyreklinikk
- Medarbeidar i dyrebutikk
- Førar av tenestehundar eller instruktør på hundeskule
- Dyrepassar i dyrepark
- Fagarbeidar i forskning på dyr
- Turleiar og kajakkinstruktør
- Fagarbeidar i travnæring, rideverksemder og hesteturisme
- Anleggsgartnar
Nokon elevar fullfører vidaregåande skule etter individuelle mål. Det vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Elevane i mindre gruppe får opplæringa si i ein eigen gruppe saman med elevar med tilsvarande behov. Opplæringa her på Stend er da praktisk retta, og skulen tilpassar dette i dialog med aktuelle elevar. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkeltvedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.
Med studiekompetanse kan du komme inn på høgskular og universitet. Med fordjuping i realfaga vil dei aller fleste studieretningar vere opne for deg. Kompetanse innan naturbruk blir verdsett i stadig fleire yrke:
- Ved oppstart av eiga verksemd
- Dyrepleiar og veterinær
- Biolog og zoolog
- Rådgjevar i kommune og fylkeskommune
- Inspektør i Mattilsynet
- Forvaltning og forsking
- Undervisning og rettleiing
Fag- og årstimetal på naturbruk
Yrkesretting og utplassering
På naturbruk legg vi vekt på at opplæringa skal vere relevant for eleven, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet.
Etter Vg2 kan du ta fagbrev eller studiekompetanse. Vi legg vekt på at opplæringa skal vere relevant for deg, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet. Vi yrkesrettar opplæringa ved å ha mykje praksis i våre flotte læringsarenaer og med å dra på utferder og besøk. Du får arbeide tett på dyr, natur, menneske og verkelegheita.
Vi har god kontakt med ulike bransjar for samarbeid og besøk og elevane har gode moglegheiter for utplassering i bedrifter.
Utplassering
Gjennom utplassering blir du kjend med ulike yrke og arbeidsplassar. Du får nyttige erfaringar, samtidig som du knyter kontakt for framtidig arbeid eller læreplass. Vi brukar det store kontaktnettet vårt for å finne den rette bedrifta til deg. Gjennom utplassering blir du kjent med ulike yrke og arbeidsplassar.
Utplassering i utlandet er aktuelt medan du går Vg2 på Stend! Stend har utplasseringsbedrifter og skular i England, Sverige og Danmark som med glede tek imot elevane våre. Kostnadane for deg som elev er minimale fordi du kan søke våre Erasmus+ stipend innan EU eller få støtte frå skulen til reise og opphald. Dette gir alle sjanse til å få masse ny kunnskap og nye opplevingar! Les meir under avsnittet om internasjonalisering.
Internasjonalisering
Naturbrukselevar har fleire moglegheiter for eit opphald i utlandet! Stend tilbyr utplassering, Vg2 i utlandet og internasjonale prosjekt med utveksling og reiser.
Internasjonalt miljø
Stend har fleire internasjonale samarbeid og prosjekt og det er stadig besøk frå skular og spanande miljø frå utlandet. Elevene kan engasjere seg i prosjekta og få reise på utveksling til ein skule i eit anna europeisk land.
Utplassering
Utplassering i utlandet er aktuelt medan du går Vg2 på Stend! Stend har utplasseringsbedrifter og skular i England, Sverige og Danmark som med glede tek imot elevane våre. Vi er òg med i eit stort nettverk gjennom Europea, med samarbeidspartnarar i 26 land. Nokre gonger finn vi heilt nye utplasseringsstader saman med elevane våre.
Kostnadane for deg som elev er minimale fordi du kan søke våre Erasmus+ stipend innan EU eller få støtte frå skulen til reise og opphald. Dette gir alle sjanse til å få masse ny kunnskap og nye opplevingar!
Vg2 i England
Stend har eit formelt samarbeid med ein stor naturbruksskule i York i England. På Askham Bryan College kan du gå VG2 friluftsliv, hestefag, dyrehelse, dyrefag for selskapsdyr og zoodyr og endå fleire fag. Du bur på skulen medan du studerer. Undervisninga skjer for det meste på engelsk, men nokre av faga går på norsk. Året er godkjent av Lånekassa i Norge og inngår som Vg2 i utdanningsprogram for naturbruk. Kontakt karriererådgjevar dersom du er interessert i å vite meir!
Les ein tidlegare artikkel om utplassering på fantastiske Raystede i Sør-England.