Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
På Stend vil du få ei praktisk retta opplæring, i ein aktiv skulekvardag. Vg1 er felles for dei som vel sal, service og reiseliv. På Stend kan du søke deg vidare inn på Vg2-kurset Sal og reiseliv.
Kvifor Sal, service og reiseliv?
God kundebehandling, kunnskapar om lover og forskrifter og evna til å vere løysingsorientert er sentralt i sal, service og reiseliv. Du skal representere bedriften, og må difor vere høfleg, omgjengeleg og innstilt på å yte service. Du må difor like å ha med andre menneske å gjere. Du må kunne vise respekt for ulike kulturer, tradisjonar og etiske normer.
Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til tryggleik.
Nokon elevar fullfører vidaregåande skule etter individuelle mål. Det vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Elevane i mindre gruppe får opplæringa si i ein eigen gruppe saman med elevar med tilsvarande behov. Opplæringa her på Stend er da praktisk retta, og skulen tilpassar dette i dialog med aktuelle elevar. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkeltvedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.