Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Tilrettelagte grupper på Stend vidaregåande skule er knytt opp til utdanningsprogrammet naturbruk eller sal, service og reiseliv. Stend vgs har lang og brei erfaring med å tilpasse opplæringa for elevar som treng særskilt tilrettelegging. Vi har eit stort mangfald i vårt opplæringstilbod, og felles for alle gruppene er at dei har ein aktiv og variert skulekvardag med fokus på å bruke naturen, garden og dei mange læringsarenaene på Stend. Målet med opplæringa er å gjere elevane klar for det som kjem etter vidaregåande skule og legg stor vekt på sosialt samspel med sine omgjevnader.
Avdelingane
Skulen har i dag forskjellige avdelingar for å imøtekomme elevane på ein best mogeleg måte ut ifrå deira forutsetningar, behov og opplæringsmål. Avdelingane samarbeider tett rundt elevane for å optimalisere undervisningstilbodet hjå den einskilde elev. Avdelingane våre er kvardagslivstrening (HTH), arbeidslivstrening(HTA), praktisk yrkesfagleg opplæring i mindre gruppe og sosial grunnkompetanse.
Elevane som får opplæringa i mindre gruppe er tatt inn ordinært, men arbeider etter individuelle mål. Det vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Elevane i mindre gruppe får opplæringa si i ein eigen gruppe saman med elevar med tilsvarande behov. Opplæringa her på Stend er da praktisk retta, og skulen tilpassar dette i dialog med aktuelle elevar. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkeltvedtak om individuelt tilrettelagd opplæring.
Sosial grunnkompetanse er ikkje ein avdeling ein søker til, men skulen har eit tett samarbeid med inntakskontoret i fylket om å gje elever som treng ekstra tett oppfylling eit opplæringstilbod i strukturerte og trygge rammer.
Noko for deg?
Lurer du på om Stend har eit tilbod til deg, eller ungdommen din, kontakt rådgjevar på ungdomsskulen til eleven, rådgjevar på Stend eller ein av avdelingsleiarane hjå oss på tilrettelagt avdeling. Det står meir informasjon om dei ulike avdelingane i knappane under «les meir om».
Alle elevane på i tilrettelagte grupper har vedtak om spesialundervisning. Søknadsfristen er 1. februar. Her finn du meir om inntak 1. februar.